Dødskyss

Dødskysset. Pressebilde. Kilde: Mardraum (Marita&Maren)
Dødskysset. Pressebilde. Kilde: Mardraum (Marita&Maren)
Måndag, 24 mars, 2014 klokka 18:30

”Hun var ikke av denne verden, hun var altfor eterisk til at man kunne forstå hennes egentlige vesen.”

DØDSKYSS fortel den fengslande, dramatiske og hjarteskjerande historien om Dagny Juel. Dagny var pianist og forfatter. Ho var ein ekte bohem. Eit sprudlande kunstnarsinn. Ein femme fatale som kunne få kva mann ho ville, og som enda opp i eit henrivande og djupt ulukkeleg ekteskap som knuste hjartet hennar. Dagny skreiv beksvarte tekster om destruktiv kjærleik. I 1901 vart ho skoten og drepen av ein beundrar i Tiblisi, berre 33 år gammal.

Edvard Munch var ein av Dagny sine nærmaste vener, og han har malt fleire bilete av henne. I DØDSKYSS tek me utgangspunkt i nokre av Munch sine bilete, og fortel Dagny si historie gjennom musikk (heftige pianoverk og romansar av bl.a. Rachmaninov, Chopin, Grieg og Brahms), moderne dans, lysdesign og bildeprojeksjon.

Framsyninga er tidlegare vist på Teater Innlandet under Kirsten Flagstad Festival, og på Munchmuseet i samband med Munch 150-jubileet. Blandinga av Munch-bilete, musikk, dans, lysdesign og ei dramatisk historie er fascinerande. Munchmuseet valde ut DØDSKYSS som jubileumsforestilling fordi dei meiner framsyninga famnar breitt, og kan vera ein døropnar for unge menneske både når det gjeld klassisk musikk, dans og biletkunst.

Audun Kvam – dans/koreografi
Maren Myrvold - sang
Marita Kjetland Rabben – piano

Lysdesign: Martin Myrvold

Manus/produksjon: Mardraum (Marita&Maren)

Kostyme: Lillian Baur
Scenografi: Martin Myrvold

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: