Dagfinn Lyngbø

Dagfinn Lyngbø. Stereo. Pressebilete.
Dagfinn Lyngbø. Stereo. Pressebilete.
Laurdag, 15 mars, 2014 klokka 19:00

Den 30. august 2012 var det Noregspremiere på "Dagfinn Lyngbø - Stereo" til publikum si enorme begeistring. Anmeldarane verka ikkje mindre begeistra og fleire rulla terningane sine til seksarar. Publikum i Bergen svarte med å gå mann av huse for å sikre seg billett og til saman 50.000 billettar fann altså vegen heim til bergensarane.

Det var derfor med stor glede forestillinga hadde Oslo-premiere på Latter, Aker Brygge den 6. februar 2013 og billettsalet stod ikkje noko tilbake for Bergen. Så etter drøye 200 forestillingar og nærmare 100.000 besøkande er forestillinga no altså klar for resten av landet! Det er derfor med stor glede vi ser fram til at Lyngbø kjem til Sjøborg kulturhus!

Kva har mopedar, kaffitraktarar, småborn, hestar, telefonar, danskar og idolvinnarar til felles?  Dei avgir lyd. Pipelyd, ulyd, gromlyd, dunkelyd, skrapelyd, koselyd... Lyd, i begrepets vidaste forstand, er altså nøkkelordet i det nye showet til Dagfinn Lyngbø.

Med seg på scena har også Lyngbø med seg musikar Bjarte Jørgensen.

Dagfinn Lyngbø har fått ikkje mindre enn sju Komiprisar, blant anna "Årets Stand Up" i 2011. Dei to siste forestillingane hans "Ka e' vitsen?" og "Evolusjon" reknast som to av tidenes morsomste og beste stand up-forestillingar og sistnemnde forestilling blei sett av ca 150.000 mennesker fordelt på nærare 400 forestillingar.

Så no er Lyngbø igjen klar for å, bokstavelig talt, gi lyd frå seg.

Ta godt i mot lyden av landets morsomste show i – STEREO!

Les meir om Dagfinn Lyngbø, sjå smakebitar og les anmeldelsar av forestillingen på: www.dagfinnlyngbo.no

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 440,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Quality Hotel Ulstein ligg i same hus som Sjøborg kulturhus. Dei byr på spennande menyar i restauranten og gode prisar på hotellpakkar. Ta kontakt på 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no for meir informasjon.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: