Dancing Queen

Pressebilde. Spirit Shows.
Pressebilde. Spirit Shows.
Søndag, 6 april, 2014 klokka 18:00

Hallo alle "Super Troupers" og "Dancing Queens"!

Bli med på ei feiring av dei tidlause hitsa frå popfenomenet ABBA og den store suksessen Broadway-musikalen "Mamma Mia"! Her blir det stor glitterfaktor i eit forrykande non-stop show fylt av moro for alle! 

På vår eiga scene på Ørsta kulturhus får vi no oppleve fire fantastiske vokalistar og eit kompani på 16 dansarar framføre eit show som er Broadway verdig.

Dancing Queen-showet kjem frå London, og inneheld ei dynamisk tropp med vakre kostymer og blendande koreografi. Med sin intenstitet og ekstravaganse inneheld produksjonen fantastiske nummer i ekte Broadway-stil. Salen vert fylt med verdskjende Abba-hitar som Money Money Money, Fernando, Voulez Vouz, Take a Chance og mange fleire.



Her får du garantert rytmefoten til å trå takta, så gjer deg klar for vårens største musikal og disco-show:

DANCING QUEEN!

 

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: