Daniel Herskedal - Slow Eastbound Train

Fotokjelde: Daniel Herskedal
Fotokjelde: Daniel Herskedal
Fredag, 1 mai, 2015 klokka 19:30

Daniel Herskedal er ein norsk instrumentalist og komponist som har trossa tubaen sine konvensjonar. I staden har han flytta grensene både teknisk og lydmessig, og har skapt eit fengslande og fascinerande uttrykk.

Frå basen sin i København har han turnert med mange forskjellige prosjekt over heile Europa, deriblant Django Bates, City Stories, Magic Pocket, Listen, Dagane og Trondheim jazzorkester. 

I 2011 ga han ut det kritikerroste gjennombrotsalbumet ”Neck of the Woods” saman med saksofonist Marius Neset.
På Slow Eastbound Train har han med seg leiande norske musikarar i Eyolf Dale (piano) og Helge Andreas Norbakken (perkusjon)

Kanskje kan ein tubaspelande jazzmusikar med god grunn kalle uttrykket sitt unikt – tubasolistar i jazzen er trass alt svært sjeldan. Men når vi omtalar den norske tubaisten og komponisten Daniel Herskedal som unik, tenkjer vi ikkje på val av horn. Dei siste åra har den unge musikaren synt at han har evner, visjon og musikalitet til å flytte både dei tekniske og lydmessige grensene for instrumentet sitt lenger enn nokon annan. Resultatet ser vi på ”Slow Eastbound Train” – eit fengslande og fascinerande uttrykk som fortener eit stort, internasjonalt publikum.

Dei norske musikarane Eyolf Dale (piano) og Helge Andreas Norbakken (perkusjon) er perfekt følgje når Daniel skal få utløp for sine evner som både instrumentalist og komponist. Og ”Slow Eastbound Train” har blitt eit vakkert og melodiøst album, spekka med ulike referansar og unike lydlandskap som oppfyller både Daniel sine og musikarane sine fulle potensial.

Stad
Fosnavåg konserthus
Gerhard Voldnes veg 7
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: