Danseframsyning som skal til Aberdeen

Onsdag, 27 juni, 2012 klokka 18:00

I august reiser 39 dansarar frå Ørsta og Volda ballettskule til Abderdeen Internasjonale Kulturfestival med framsyningane Honor is the Country og Vanishing Time.

Denne dagen syner dansarane framsyninga for publikum her på Ørsta kulturhus. '

Vanishing Time er ei nydeleg skildring av livet frå fødsel til grav.
Koreografi er ved Renata Nagy Vynikalova.
Lyssetting og projeksjon Jiri Nagy.

Honor is the Country er ein hyllest til venskap og godt granneskap. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom koreografane Andy Howitt frå Skotland og Renata Nagy Vynikalova.
Lyssetting og projseksjon er ved JIri Nagy.

Stop Time er dans til poesi. Gjestedansar Jiri Kobylka frå Tsjekkia og Tyskland og Renata Nagy Vynikalova skal danse til poesi som skildrar eit parforhold i medgang og motgang. Denne dansen har si urpremiere på Ørsta Kulturhus denne dagen.
Dansarane har koreografien. Lyssetting ved Jiri Nagy.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: