Danseshow 2013 - Hareidselevar og Ulsteinelevar

Fotokilde: Sjøborg Kulturhus
Jazz. Bugle Boy. Ulstein. Fotokilde: Sjøborg Kulturhus
Søndag, 2 juni, 2013 klokka 17:00
Søndag, 2 juni, 2013 klokka 14:00

Kl 14.00 - Hareidselevar
Kl 17.00 - Ulsteinelevar

Ulstein og Hareid kulturskular er klar med årets danseshow.

Publikum vil få oppleve vakker og grasiøs dans med elevar i gruppene klassisk ballett, jazzballett og moderne dans. Og kven smeltar vel ikkje av ei lita, ung ballerina i rosa tyll?

Programmet er samansett av dansar dei ulike ballettgruppene har øvd inn til dette showet.

All instruksjon og koreografi er ved ballettpedagog Penny Jackson Indreflø.

Dette er eit årleg samarbeid mellom dei to kulturskulane. Mange av elevane deltek derfor på begge showa, mens dei yngste deltek berre på den kommunen dei høyrer til.

Showet starter kl. 14:00 for Hareidselevane, og kl.17:00 for Ulsteinelevane.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Voksne kr 120,-
Born (t.o.m. 15 år) kr 60,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: