Darling West

Darling West. Pressefoto. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Darling West. Pressefoto. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Tysdag, 24 januar, 2017 klokka 19:00

Darling West er ein song og eit band. Songen vart til på ein støyl på fjellet, der mange av låtene til bandet har sett dagens lys. 

Bandet vart danna då Herr Tor Egil Kreken (vokal, banjo, gitar) og Fru Mari Kreken (vokal, mandolin, mountain dulcimer, munnspill) fann ut at den beste måten å sikre seg kvalitetstid saman på, var å legge til eit felles musikalsk prosjekt på timeplanen. I mai 2014 ga bandet ut si fyrste plate, Winter Passing, og vart belønna med Spellemannsnominasjon i countryklassen.

Bandet består av Mari Kreken, Tor Egil Kreken og Kjetil Steensnæs. Ekteparet Kreken spelar ikkje berre saman heime i stova si, men er også å finne på vegen og i studio med artistar som Marit Larsen, Odd Nordstoga, Stein Torleif Bjella og Sigvart Dagsland, medan Steensnæs er å finne bak gitarane når Bjørn Eidsvåg og Ingebjørg Bratland reiser ut på tur.

Det er derimot når trioen kjem saman den verkelege magien oppstår. Då produserar dei låter som passar like godt inn i dei folksomme gatene i Nashville, på dei solfylte fjelltoppane i Hollywood Hills, og dei regntunge bygdene rundt omkring i Noreg. Countrymusikken er eit amerikansk fenomen, men som no er omfamna av dei fleste generasjonar over heile verda. Darling West har stadig perfeksjonert uttrykket sitt, og reint musikalsk ligg dei tett opp til samtidige artistar som Sam Outlaw, Gillian Welch, Kacey Musgraves, Ryan Adams og Jason Isbell, medan ånda til Gram Parsons og Emmylou Harris heile tida våker varsamt over dei.

«Vinyl and a Heartache» (terningkast 6 i Dagbladet) er produsert av Even Ormestad, som i tillegg til å spele i Jaga jazzist og A-Ha, har bygd seg opp eit godt rykte som produsent. På CV-en har har han mellom anna plater med Jonas Alaska, Daniel Kvammen og Thom Hell bak seg. Skiva let autentisk, tidsriktig og retro på same tid, medan låtene vekslar mellom å by opp til dans og pleie din hjartesorg. 

 

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: