DeLillos

deLillos. Pressefoto. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
deLillos. Pressefoto. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Fredag, 11 november, 2016 klokka 20:00

deLillos blir rekna som ei av dei mest markante banda i norsk musikkliv frå 1980-talet og fram til i dag. Saman med Raga Rockers, Dumdum Boys og Jokke & Valentinerne blir deLillos referert til som ei av dei fire store norske rockegruppene.

Denne helga inviterer Fosnavåg konserthus og Thon hotell til 2-års jubileum med ein minifestival. deLillos opnar jubileet på fredag. Kva som skjer på laurdag og søndag kjem det informasjon om etter sommaren, men vi vil anbefale at ein set av denne helga allereide no. Saman med hotellet vil vi lage festivalpakkar som inneheld overnatting, måltid og konsertar. Ta kontakt på epost bjorn@fosnavagkonserthus.no om du ønskjer førstehandsinfo om kva som skal skje denne helga.

Vi har delt opp salen i seksjonar der fremre del blir for eit ståande publikum der det vil bli servering. I bakre del sel vi billettar til dei som ønskjer å sitje. Der vil det ikkje bli servering.

deLillos har i 30 år vore eit av landet sine viktigaste pop- og rockband, og dei har jamnleg levert kvalitet både tekstlig, musikalsk og kreativt. Dei har vore kompromisslause i sitt uttrykk og tru mot sitt univers, samtidig som dei har utfordra det kreative både når det gjeld til format og innhald.

Bandet har vunne Spellemannprisen to gonger: for Neste sommer fikk dei Spellemannprisen 1993 i klassen rock og for Sent og tidlig fikk dei Spellemannprisen 1995 i klassen gruppe. Bandet fekk også Gammleng-prisen i klassen pop i 1994. Bandet har i tillegg vore nominert til Spellemannprisen i klassen rock fire gonger: i 1987 for Før var det morsomt med sne, i 1989 for Hjernen er alene, i 1997 for Stakkars og 2000 for Kast alle papirene samt i klassen popgruppe i 2010 for Hjernen er alene i Operaen. I tillegg har dei vore nominert til Årets spellemann i 1994, årets låt for «Smak av honning» i 1995 og tidenes norske hit for «Neste sommer» i 2001.

Lars Lillo-Stenberg deltok i Hver gang vi møtes i 2014. Same haust ga deLillos ut albumet Rett og slett livet til strålande kritikkar. Albumet lå på 1.plass på iTunes og VG albumlista etter utgivelsen.

deLillos feira i 2015 30 årsjubileum som plateartist med konsertar over heile landet og avslutta med ein 10 dagers konsert i Oslo der dei like godt framførte alle sine 240 utgitte låtar live.

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: