Den hellige Johanna fra slaktehusene

Den hellige Johanna fra slaktehusene. Pressefoto.
Den hellige Johanna fra slaktehusene. Pressefoto.
Laurdag, 2 april, 2016 klokka 19:00

I industribyen Chicago er det blodig strid i slaktehusa og på hermetikkfabrikkane. Eit mektig kartell styrer prisen på kjøtet og tener pengar på å kontrollera tilgangen på både mat og arbeid. Tusenvis av arbeidarar svelt i den iskalde vinteren, medan kjøtgrossistane pressar løningane ned og matprisane opp.

Uventa og undervurdert stig ein frelsar fram frå suppekjøkkenet til svartkysene. Johanna er ein modig idealist som vil freista å knusa kartellet si makt over byen, ikkje væpna med anna enn det gode, vilje og song. Kjøttdronninga Mauler møter ein overraskande sterk motstandar i den spinkle jenta med vilje av stål. Johanna gjer eit uutsletteleg inntrykk på Mauler. Kan Mauler endra seg? Kan den heilage Johanna frå slaktehusa vinna kampen over kjøtkartellet?

Etter dei store finanskrisene det siste tiåret er det kanskje meir aktuelt enn nokosinne å reflektera over kva som skjer med samfunna og liva våre når grensene for grådigskapen stadig vert skuva på. Matindustrien er framleis eit utstillingsvindauge for kor langt me er parate til gå for å tena pengar. Og kor store kompromiss me er villige til å gå med på for å verta mette.

Det er eit sterkt kunstnarleg lag som står bak oppsetjinga. Regissør Angelina Stojcevska hausta strålande kritikkar for debuten på Nationaltheatret og kjem no til oss med ei rekkje spanande gjestar. I tillegg til kostymedesignar Ane Aasheim og lysdesignar Ingrid Skanke Høsøien kjem òg komponist Alf Lund Godbolt som musikalsk ansvarleg. 

I hovudrolla ser vi Heidi Ruud Ellingsen - ei av dei sterkaste songstemmene me har i norsk teater i dag, saman med Melina Tranulis, Bjørnar Lisether Teigen, Vivi Sunde, Petter Winther og Marte Mørland. Mange vil hugse Heidi Ruud Ellingsen som Unn i Herøyspelet Kongens Ring i 2013

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: