Den lille prinsen

Den lille prinsen. Foto: Barneteatret Vårt.
Den lille prinsen. Foto: Barneteatret Vårt.
Fredag, 21 oktober, 2016 klokka 17:30

–  ei poetisk, morosam og varm framsyning om å vera menneske. Den lille prinsen er basert på den verdskjende romanen med same tittel, skriven av Antoine de Saint-ExupéryBoka er ei verdas mest selde bøker, elska av alle aldrar for dei ettertenksame funderingane kring det å vera menneske.

Det var ein gong ein liten prins som budde på ein liten planet som ikkje var stort større enn han sjølvHer feia han dei tre vulkanane sine, passa på blomen sin og såg på solnedgangane. Sidan planeten hans var så liten, var det svært mange av dei. Ein gong såg han sola gå ned førtifire gongar. ”For du veit … når ein er svært trist, er det så godt å sjå på ein solnedgang.” 

Den lille prinsen kjenner seg litt einsam, og ein dag dreg han på ei reise ut i verdsrommet. Han vil så gjerne finna ein ven. Men i staden møter han forenkla, øydeleggjande typar som ikkje er interesserte i andre enn seg sjølve. Det viser seg at det er vanskeleg å finna ein verkeleg ven. Kva er venskap? På rundreisa si forsømer han det einaste ansvaret han har: blomen. 

Denne forteljinga er ikkje vorten til for at vaksne skal synast at den tilfredsstillande eller underhaldande, men for at born skal kunna utforska universet med fantasien sin. Ein vedunderleg, utanomjordisk parabel for alle aldrar.

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: