Den magiske juledrikken

Mandarinsaft. Plakat
Mandarinsaft. Plakat
Måndag, 8 desember, 2014 klokka 18:00

Mandarinsaft - den magiske juledrikken er ei musikalsk fortelling om jula i Mandarinveien. Snøen lavar ned, og Emma går heim frå skulen. Det er juleferie og ho gler seg til jul! Emma går forbi Trollskogen. Der høyrer ho nokon som gret. Det er Trollet som er lei seg. Han har ingen å feire jul saman med.

I Mandarinveien blir alt gjort klart til jul. Aller øvst i vegen bur Sevrin. Han er ein varm og gjestfri person som alltid har ope dør og god tid. Då Trollet kjem til Sevrin sitt hus, skjer det magiske og spanande ting!

Mandarinsaft er Bendik Ulla, Johannes Rosmo Kuvås og Even Moen Jenssen. Bandet har tidlegare gitt ut fire plater for born og vaksne, og skal no ut på ein omfattande Norgesturné for å spre julestemning med den magiske juledrikken!

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: