Den Store Festen VI

Onsdag, 26 desember, 2012 klokka 22:00

For sjette år på rad arrangerast Den Store Festen på Sjøborg, Quality Ulstein Hotel 2. juledag. I år vil Dj MxPress, også kjent som MøreXpressen, stå for musikken, han er opprinneleg frå Valderøya, men er basert i Bergen der han til vanleg spelar på utestadar som Cafe Contra Bar og Våg.

På Sjøborg 2. juledag kan vi forvente ein dansbar miks av både ny og eldre klubbmusikk.

Eit lokalt tilskot på programmet i år er Pandreas (Andreas Rasmussen) som vil gjere sin aller første liveopptreden i Ulsteinvik.

Pandreas vart tidlegare i år kåra til Vekas Urørt på NRK P3 og har sidan spelt både på Slottsfjellfestivalen og har varma opp for blant andre Sondre Lerche og Young Dreams.

2. juledag på Sjøborg kan ein oppleve Pandreas på heimebane når han vil presentere eigen musikk som ligg trygt forankra i det elektroniske landskapet, inspirert av blant anna Gold Panda.

Den Store Festen VI, 2. juledag kl 22.00 på Sjøborg, Quality Ulstein Hotel. Aldersgrense 20 år.

Billettsalet startar fredag 30.november kl 09.00, og billettar kan kjøpast på sjoborg.no eller på Servicetorget på Ulstein Rådhus.

Husk å printe billetten FØR arrangementet.

Ta godt vare på billetten din, tapte/mista billettar vert ikkje erstatta. Gyldig billett må visast i døra saman med gyldig legitimasjon. Det er ikkje mogleg å hente ut billett på Sjøborg på arrangementsdato. Kjøpte billettar vert ikkje refundert.

Stad
Sjøborg, Quality Ulstein Hotel
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: