Desemberhumler og juleverkstad

Juleverkstad Unni og Gunni. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Søndag, 7 desember, 2014 klokka 12:00

Familiedag med juleverkstad andre søndag i advent. Aldri før har så mange born laga kunst til den årlege barnekunstutstillinga i Ivar Aasen-tunet. Søndag 7. desember er det familiedag med juleverkstad og adventsstund med Volda og Ørsta korskule og forfattar Janne Marit Øye, som har inspirert dei små kunstnarane

– På juleverkstaden kan borna lage stilig julepynt og fantasifulle julegåver, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Aasen-tunet, som lovar lun førjulsstemning. Honninglys, stjernegirlander og julefigurar er berre nokre av tinga du kan lage på verkstaden.

Janne Marit Øye frå Ørsta har fått mykje ros for barnebokdebuten sin om Snøhumla Mille. Historia er eit eventyr om haust og vinter, venskap og varme. Øye har skrive ei triveleg og engasjerande bok for barn i barnehagealder, og på familiedagen kjem ho til Aasen-tunet for å lese frå boka i ei adventsstund inne i Salen. Volda og Ørsta korskule er også med og fyller adventsstunda med kjende julesongar.

Over 400 born frå barnehagar i Ørsta, Volda, Herøy, Hornindal, Ulstein og Stryn har laga kunst som er inspirert av forteljinga og av dei fargerike illustrasjonane til Anne Angelshaug. Borna har lagt ned mykje arbeid i kunstverka som blir stilte ut både ute og inne i Aasen-tunet.

Julebutikken har mange gode tilbod og eit breitt utval varer, her kan du finne nyttige julegåver mellom arbeidsøktene. Kafeen har mat til svoltne, små kunstnarar.

Vaksen 50
Barn 50
Familie 150

Stad
Ivar Aasen-tunet
Kommune: