Desemberstemninger 2015

Elisabeth Andreassen, Ole Edvard Antonsen og Didrik Solli-Tangen. Pressefoto.
Elisabeth Andreassen, Ole Edvard Antonsen og Didrik Solli-Tangen. Pressefoto.
Fredag, 4 desember, 2015 klokka 18:00
Fredag, 4 desember, 2015 klokka 20:00

Ole Edvard Antonsen har skapt tradisjon med sin eigen førjulsturné ”Desemberstemninger”. I år har han med seg to fantastiske gjester på heile turneen.

For 7. gong reiser Ole Edvard Antonsen ut på turné til kyrkjer og kulturhus i vårt landstrakte land i førjulstida. I år vil han ta med seg ikkje mindre enn to velkjende artistar som gjester under heile turnèen frå Alta i nord til Kristiansand i sør.

Med Ole Edvards eige band og gjestene Didrik Solli-Tangen og Elisabeth Andreassen vil dei i år som i fjor starte turnèen i Nord-Noreg før dei besøker alle landsdelane i løpet av sin 5 veker lange juleturnè.

Ole Edvard Antonsen treng vel neppe nokon nærare presentasjon, men som ein av verdas fremste trompetsolistar i dag og ein av noregs absolutt største internasjonale stjerner opptrer han jamnleg som solist på dei store musikkscenene rundt omkring i verda.

Til dømes Carnegie Hall NY, Musikverein Wien, Suntory Hall Tokyo, Sidney Operahouse, Barbican i London, Philharmonie i Berlin i tillegg til store arenaer som Olympiahalle München, Seoul Olympic Stadium, m.m..

Det har blitt ein hyggeleg tradisjon at songaren Didrik Solli-Tangen, er med som gjest på turnèen. Han skal også i år varme opp til juleturnè med dansetrinn i rolla si som programleiar i ”Skal vi danse” på TV2. Didrik og Ole Edvard er to leikne herrer og dette har resultert i eit briljant musikalsk samarbeid og morsomme overraskingar ved tidlegare julekonsertar. Dei har garantert ikkje tenkt å gi seg med overraskingar, og når to av våre aller mest allsidige artistar slår seg saman blir det magisk stemning. Julehøgtida kan for alvor senke seg over vårt publikum når Didrik si klokkeklare stemme og Ole Edvards trompet rungar i konserthuset vårt.

Nytt av året kan vi stolt presentere Elisabeth Andreassen som vår ekstra gjest under heile turnèen. Elisabeth og Ole Edvard er gamle kjende og har samarbeidd musikalsk ved mange ulike høve. Elisabeth er ein av våre aller mest folkekjære artistar og kan vise til ein solid solistkarriere. Med sin allsidigheit har ho gjennom åra gjort julekonsertar i heile landet med m.a. Jan Werner Danielsen og Oslo Filharmoniske Orkester.

Hjertelig velkomen til årets utgåve av den stemningsfulle førjulskonserten ”Desemberstemninger”, som mange har kalt den ultimate julekonserten!

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: