Det merkelege som hende med hunden den natta

Illustrasjonskilde: Teatret Vårt.
Illustrasjonskilde: Teatret Vårt.
Torsdag, 26 februar, 2015 klokka 19:00

Ein suksess frå Londons West End med eit sterkt visuelt uttrykk og eit unikt teaterspråk

I denne vakre og gripande forteljinga følgjer vi Christopher på 15 år. Han likar matematikk og astrofysikk, men toler ikkje at folk tek på han, ikkje forstår han metaforar, og ikkje kan han lyge. Han veit namnet på alle hovudstadar i verda og kan alle primtal opp til 7505. Han likar nesten dyr betre enn menneske, dei lyg aldri. Då han finn nabohunden Wellington brutalt drepen med ein høygaffel, bestemmer han seg for å finne ut kven mordaran er.

Dette blir det første steget på ei oppdagingsreise som inneheld meir enn jakta på kven som drap Wellington. Under etterforskinga blir han kjend med naboane og oppdagar utrulege ting om folk han trudde han kjente. Men det han finn ut om sin eigen familie er det mest merkelege…

Bestselgaren av Mark Haddon er elska av folk i alle aldrar, og dramatiseringa av Simon Stephens vart ein stor suksess i London kor den framleis blir spela for fulle hus. No sett Teatret Vårt opp stykket i si eiga utgåve og spelarteksten som Jon Fosse så vakkert har oversett til nynorsk.  I hovudrolla som  "Christopher " presenterer vi Axel Gehrken Bøyum, kjent frå NRK-serien "Øyevitne".

Med eit stort ensemble og eit moderne teaterspråk vert det fortald ei historie om mot og sanning, og om å finne seg sjølv i ei vaksen verd.

Av: Simon Stephens, fritt etter Mark Haddon sin roman
Regi og bearbeiding: Trond Lie
Omsetjing: Jon Fosse
Lysdesign: Jonas Fuglset
Scenografi: Thomas Bjørnager
Medverkande: Axel Gehrken Bøyum, Nasrin Khusrawi, Bjørnar Lisether Teigen, Nina Andeassen, Anne E Kokkin, Lars Sørbø, Vivi Sunde. Hugo Mikal Skår.

Stad
Rauma kulturhus
Kongens Gate 7
6300
Åndalsnes
Kommune: