Dex Carrington - Dexcellent

Dex Carrington. Pressebilete. Kjelde: Sjøborg Kulturhus.
Dex Carrington. Pressebilete. Kjelde: Sjøborg Kulturhus.
Fredag, 14 juni, 2019 klokka 21:00

Fredagskvelden under Smak av Ulstein er det igjen klart for standup på Sjøborg. I år får vi besøk av Dex Carrington med si første soloforestilling, "Dexcellent".

Dex tok Noreg med storm då han dukka opp på VGTV i reiseprogrammet "Dexpedition" i 2011. Sidan den gong har den engelsktalande komikaren dukka opp jevnlig på film, TV og det store internettet, seinast som agenten til Zlatan Ibrahimovich i de hysterisk morsomme reklamene for klesmerket A-Z.

Samtidig har han utvikla seg til å bli ein av landets fremste standup'ar, gjennom hundrevis av opptredenar på scener i inn- og utland. Dex har smarte og morsomme tekstar, kombinert med ein heiltenergi, utstråling, levering og evne til å få med seg publikummet. Resultatet er at du ler. Høgt og lenge. Ti av ti gongar.

Sjå fram til ein kveld med klassisk observasjonshumorg og ein litt personleg Dex Carrington. Vi garanterer eit Dexcellent show.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Ordinær kr 310,-
Gruppe (min. 8 stk) kr 290,-
Student (berre lokalt) kr 290,-

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Treng du overnatting eller ynskjer å ete i samband med arrangementet? Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. Ta gjerne kontakt med dei for tilbod på overnatting og mat, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: