Disneys Magiske Verden

Ålesund Operakor: Disneys Magiske Verden.
Ålesund Operakor: Disneys Magiske Verden.
Søndag, 17 april, 2016 klokka 18:00

«Ei eventyrreise i Disney sin filmmusikk og musikalar!» Slik introduserte Aalesund Operakor si Disney-framsyning då den hadde premiere i fjor, og den blei verkeleg eit eventyr!

«Forrykande show», «Djupvik er entertainar til tusen», «Solist etter solist spruta av entusiasme og innleving» skreiv avisene, og publikum ville ha meir. Sjå her presenterer vi Disney sin Magiske Verden på nytt, med velkjende Disney-songar på rad og rekke. Stjernesolist er The Voice-vinnar Knut Marius Djupvik, og mange av korets songarar har eigne solistparti. I tillegg sørgjer eit samansett band, det sangglade koret og danseelevar frå Fagerlia vidaregåande skule for ei forrykande framsyning. Ta med heile familien og bli kjend med blant anna Lion King, Pocahontas, Skjønnheten og udyret, Tarzan, Den Lille Havfruen og – sjølvsagt – Frozen!

Stad
Parken Kulturhus
Kommune: