Dr. Proktors prompepulver

Doktor Proktors prompepulver. Omslag: Aschehaug.
Doktor Proktors prompepulver. Omslag: Aschehaug.
Fredag, 31 januar, 2014 klokka 18:00

 Boka om Doktor Proktors prompepulver blir teater! Av Jo Nesbø. Dramatisert av Morten Joachim, Ane Skumsvoll og Ivar Nergaard.

 

Jo Nesbø har gitt Riksteatret lov til å lage teater av den første boka i Doktor Proktor-serien. På Ørsta kulturhus kan du oppleve historien om Lise og Bulle og den litt merkelege Doktor Proktor, som har funne opp verdas kraftigaste prompepulver!

Det handlar om promping. Ikkje sanne små smygarar du lurer ut utan at nokon merkar det i mattetimen. Neida. Her snakkar vi kanonsmell, prompar som brenn hol i buksa og sender små gutar ut i verdsrommet – og tilbake igjen. Og så handlar det litt om onde tvillingar, mongolske vannrotter, lange karamellpuddingar og endå lengre kvelerslangar. Men aller mest handlar det om kva som skjer når knøttlille Bulle med eldraudt hår flyttar inn i Kanonveien og møter Lise og ein nesten gal professor ein solfylt dag like før 17. mai.

Doktor Proktor-bøkene er selde i over 800.000 eksemplar i 35 ulike land. Om Doktor Proktors prompepulver har pressa sagt:

"En heidundrende promp (…)vil skape mye god latter blant liten og stor." VG

«Avslutningssalutten er spektakulær!" Aftenposten

"deilig, sprø og virkelig komisk." Deutschlandfunk (Tyskland)

"En av de morsomste barnebøkene jeg noensinne har lest" Vinski (Finland)

På scena
Ivar Nergaard, Jonas Georg Digerud, Janne Starup Bønes, Ingolf Karinen, Kai Kenneth Hanson Og Ole Christian Gullvåg.

Team
Av Jo Nesbø. Regi: Morten Joachim. Scenografi: Stephan Weber. Kostymedesign: Kathrine Tolo. Lysdesign: Joakim Moe Røisland. Komponist/musiker: Ole Jørn Myklebust. Dramaturg: Tine Thomassen. Produsent: Christian Venge.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: