Du og jeg og vi 2 3 4

Du og jeg og vi 2 – 3 – 4. Pressebilete. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Du og jeg og vi 2 – 3 – 4. Pressebilete. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Fredag, 20 oktober, 2017 klokka 18:00

Forestillinga "Du og jeg og vi 2 – 3 – 4" er ein groovy barnekonsert for heile familien, og passar kanskje ekstra godt for dei mellom fire og ti år.

I løpet av konserten får ein mellom anna møte Mr. Regnværssky som ikkje føler seg heime nokon annan stad enn i ørkenen, Fru Rosenstrøm som pønskar på å rane banken og vi får høyre ein song om kvifor det er lurt å sjekke baksetet for krokodiller når ein set seg i bilen. Musikarane endar også opp i ein spelande diskusjon om kven som har dei kulaste instrumenta og kven som kan spele fortast. 
Dei som diskuterer dette er Julie Falkevik Tungevåg som spelar piano/keytar/gitar og syng, Elisabeth Mørland Nesset som spelar trommer/perkusjon/mandolin og Ellen Brekken med kontrabass/elbass/tuba/piano/gitar i tillegg til at ho syng.

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: