Eg visste ikkje du kunne danse

Eg visste ikkje du kunne danse. Foto: Teatret Vårt.
Laurdag, 3 oktober, 2015 klokka 00:01

Interaktiv danseforestilling basert på folkemusikk og dans frå Romsdal.

Folkemusikar Britt Elise Skram og folkedansar Anna Liv S. Gjendem har samla inn musikk og dans frå Romsdal og skapt ei framsyning om å overvinne angsten for å dumme seg ut. Om å komme seg ut på golvet og gleda over å være med i dansen. Dei har motteke Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kunstnarstipend for å utvikle denne framsyninga som no blir til i samarbeid med Teatret Vårt.
Dersom veggane i eit samfunnshus kunne fortelje ville vi få historier om flausar og om mot. Om barduse sats og hjertebank og byrjinga på eit heilt liv saman.
Vi gler oss til å by opp til dans i samfunnshuset i din kommune og ynskjer lokale arrangørar velkomne til å være med å lage fest med levande musikk etter framsyninga.
Premiere 3. oktober Myra kulturhus, Vestnes.
• Regikonsulent: Elisabet Topp
• Fele: Britt Elise Skram
• Dans: Anna Liv S. Gjendem
• Lysdesign: Jonas P. A. Fuglseth

Stad
Myra Kulturhus
Kommune: 
Kategori: