Eggum & Sivertsen

Eggum og Sivertsen. Pressebilete. Fotograf: Per Heimly. Stageway.
Eggum og Sivertsen. Pressebilete. Fotograf: Per Heimly. Stageway.
Laurdag, 5 april, 2014 klokka 20:00

To av våre mest kjente og kjære artistar gjennom tre tiår, Jan Eggum og Halvdan Sivertsen har slått seg saman under mottoet "Sammen er vi i alle fall to - minst!

Eggum & Sivertsen dykkar djupt i kvarandre sine songskattar og presenterer eit program med tidlause slagarar. Faren for gjenhøyr med "Kjærlighetsvisa", "På'an igjen", "En natt forbi", "Sommerfuggel i vinterland" og mange fleire perler er overhengande. Passelige dosar nytt materiale av så vel musikalsk som munleg karakter kan også forventast.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 395,-

Billettar i sal frå måndag 9. desember kl 09.00.

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Quality Hotel Ulstein ligg i same hus som Sjøborg kulturhus. Dei byr på spennande menyar i restauranten og gode prisar på hotellpakkar. Ta kontakt på 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no for meir informasjon.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: