Eggum & Sivertsen

Eggum og Sivertsen. Fotograf: Per Heimly. Stageway.
Eggum og Sivertsen. Fotograf: Per Heimly. Stageway.
Fredag, 4 april, 2014 klokka 20:00

To av våre mest kjente og kjære artistar gjennom tre tiår, Jan Eggum og Halvdan Sivertsen, har slått seg saman under mottoet; Saman er vi i alle fall to - minst!

Eggum & Sivertsen dykkar djupt i kvarandre sine songskattar og presenterer eit program med evig grøne slagarar. Faren for å få høyre “Kjærlighetsvisa”, “På’an igjen”, “En natt forbi”, “Sommerfuggel i vinterland” og mange fleire perler er altså overhengande. Passelege doser nytt materiale av så vel musikalsk som muntleg karakter kan også forventast!

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: