Egil Olsen og Stig Ulv

Egil Olsen. Pressebilete.
Egil Olsen. Pressebilete.
Stig Ulv. Pressebilete.
Stig Ulv. Pressebilete.
Fredag, 19 september, 2014 klokka 20:00

Scenå Jazz- og Bluesklubb sparkar i gong sesongen med eit par verkelege godbitar:

Egil Olsen er ein singer/songwriter utanom det vanlege; ein av Noregs finaste liveartister med sine underfundige og humoristiske songar som elegant balanserer med det såre, nære og naivt ærlige i musikken hans.

Ørsta-karen er også albumaktuell til hausten, men allereie i august kjem singel og musikkvideo, og han spelar på sjølvaste Øyafestivalen si hovudscene.

Tidligere i år var han også å sjå som teikneseriefigur i si daglege gjestestripe i Dagbladet; "Eg - Egil Olsen" - eit sjølvbiografisk lite innblikk i dei tristmorsomme sidene av livet som singer/songwriter. Han har også sin eigen spalte på radiokanalen NRK P13 der han deler fordeler og ulemper i artistlivet.

Stig Ulv spelar ikkje på gitarane sine, han får dei til å snakke! Med utsøkt gitarteknikk, ein reinskåren følelse for harmoni og melodi, og ein lyd som ber tonen over hav.

Kvelden opnar altså med stemningsfull instrumentalmusikk med ein uimotståeleg klang, som ei slags oppvarming til Olsens sett.

NB! 18 år og servering!

Stad
Ingebrigt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: