Ein smak av Broadway - Ørskog Brass, Nicola Rutherford

Søndag, 5 november, 2017 klokka 16:00

Ørskog Brass har hatt mange prosjekt saman med dyktige songarar. Det er både utfordrande og fantastisk moro. Vi opplever og at vi når eit nytt publikum.

Denne gongen har vi gått utenlands, til Londons West End, der vi finn nokre av verdas beste musikalscener. Vi er stolte av å presentere Nicola Rutherford for publikum på Stranda. 

Av tidlegare samarbeid, kan vi nemne musikalkonsert med Øystein Wiik, Queen-konsertar med Åge Sten Nilsen og kyrkjekonsertar med Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen, seinast i fjor på Stranda.

Ørskog Brass

Stifta i 1972 som brassband etter engelsk mønster. Som for eksempel Frelsesarmeens korps også er.

Har delteke på NM for brassband (Grieghallen, Bergen) sidan 1988 med 2 pl. i 1 divisjon som beste plassering.

God rekruttering

Vi har medlemmar frå heile Ålesunds regionen. Vi er svært glade for at dyktige og ivrige korpsmusikantar samlar seg på Ørskog for å vidareutvikle hobbyen sin. Særs glade er vi over at det no er mange unge som har funne vegen til korpset vårt. Over 1/3 del av medlemmane er under 25 år.

Viktig samarbeid med NMF Nordvest

I 1986 starta vi saman med Tomra Brass Band «Tomra Ørskog Festivalen». Den vart halden annankvart år på henholdsvis Sjøholt og Tomrefjord. Den er for både vaksnekorps og skulekorps. Dette har vore ein bevisst profil frå starten av, for å vere ein inspirator til dei unge skulekorpsmusikantane. Derfor har den vore ein viktig faktor i den gode utviklinga blant brassbanda på nordvestlandet. Dette arbeidet har vi no tatt til eit nytt nivå ved å samarbeide med NMF Nordvest. Tomra Ørskog Festivalen / NMF Nordvesten for skulekorps er no det viktigaste treffpunktet for skulekorps og vaksnekorps i regionen vår og er kvart år (i mars) på Gomerhuset, Skodje.

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: