Ein UHØRT musikal - for heile familien

Ein Uhørt musikal. Pressefoto. Fotokjelde: ID-huset.
Ein Uhørt musikal. Pressefoto. Fotokjelde: ID-huset.
Søndag, 4 november, 2018 klokka 18:00

EIN UHØRT MUSIKAL – for heile familien. Prinsesser, magikarar og ein gjeng usikkelege ungdommar dukkar opp i musikalen som UHØRT skal vise søndag 4.november. Musikalen er i 2 akter og inneheld både spenning, humor, romantikk og magi.

Musikalen blei sist framført i juni 2017. No er den redigert, songar bytta ut og roller tilpassa dagens medlemar i UHØRT.

Musikarane dei har med seg er: Ketil Strand (gitar), Ivar Holsvik (piano), Lars Øverås (bass) og Bjørn Skjelten (trommer). Kristy Windspur har også denne gongen hjelpt dei med dansekoreografi. Turid Skjelten har ført ungdomane sine idear i penn, og vore med på å få regien på plass.

Stad
Ingebrigt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: