En midtsommernattsdrøm

En midtsommernattsdrøm. Foto: Riksteatret.
En midtsommernattsdrøm. Foto: Riksteatret.
Onsdag, 9 mars, 2016 klokka 19:00

EN MIDTSOMMERNATTSDRØM av William Shakespeare. Regi Jo Strømgren.

Shakespeares berømte teaterstykke har alt: romantikk og ablegøyer, skjemt og alvor, eventyr og ettertanke. Her er det stormforelska ungdom, ekteskapskranglar med grufulle triks, generasjonskonfliktar med dødstruslar, mystiske hallusinogener og ein liten djevel av en alv, Puck, som tuklar det til for alle. Men alle vil det same - at kjærleiken skal vinne.  

En midtsommernattsdrøm er essensen av kva Riksteatret skal gi publikum – ein av verdsdramatikkenes mest populære klassikarar, med ein trupp opplagde skodespelarar, i ei oppsetting signert tusenkunstnaren og regifenomenet Jo Strømgren.

Kompaniet «Fjerdeklasses produksjoner» har takka ja til å spele den leikne teatertruppen. Dette er kullet som gjekk ut frå Teaterhøgskolen for fire år sidan, og som på rekordtid har rukke å markere seg som nokre av dei mest lovande skodespelarane i sin generasjon, med hovudroller i filmar, tv-seriar og på fleire av landets hovudscener. 

Gled dykk, Noreg!

 

Premiere i Oslo 20. januar 2016

Turnépremiere i Haugesund 27. januar 2016

 

Ein Riksteatret-produksjon.

Med Ingvild Holthe Bygdnes, Henriette Faye-Schjøll, Ester Marie Grenersen, Jo Adrian Haavind, Helle Haugsgjerd, Nader Khademi, Hanne Skille Reitan, Eldar Skar og Ine Marie Wilmann.

Av William Shakespeare. Omsett og gjendikta av André Bjerke. Regissør og scenograf Jo Strømgren. Kostymedesignar Bregje van Balen. Lysdesignar Tobias Leira. Lyddesignar Lars Årdal. Dramaturg Tine Thomassen.

Varigheit: 2 timar og 20 minutt – inkl. pause

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: