Engegårdkvartetten & Bjørn Sundquist

Engegårdkvartetten og Bjørn Sundquist. Pressebilde. Fotokjelde: ID-Huset.
Engegårdkvartetten og Bjørn Sundquist. Pressebilde. Fotokjelde: ID-Huset.
Torsdag, 15 oktober, 2015 klokka 19:30

To sentrale søyler av vår kulturhistorie kan vitjast på ein og same kveld når Engegårdkvartetten og Bjørn Sundquist kjem på besøk med "Ibsen møter Beethoven"

Både Terje Vigen og Beethovens strykekvartett opus 132presenterer djupe, personlege utfordringar; i Ibsens meisterverk kjempar Terje Vigen mellom hevn og tilgjeving, og i Beethovens opus 132 kjem reisa døden nær. Historia om Terje Vigen, ”den underlege gråsprengte” sjømannen, som rodde frå Noreg til Danmark for å forsørge sin familie under kornblokaden på 1800-talet, fascinerar og berører oss like mykje i dag som for 150 år sidan.

Ludvig van Beethoven døydde i 1827, Henrik Ibsen vart fødd i 1828, ein genial kunstnar avslutta livet, ein annan byrja på det. I denne framsyninga lyttast det etter det ein kan kalle livsfølelsen i Ibsens ord satt opp mot livsfølelsen i Beethovens musikk.

Til å gjere dette får vi oppleve to ettertrakta aktørar frå Noregs rikholdige artistflora, Engegårdkvartetten, beståande av Arvid Engegård, Juliet Jopling, Alex Robson og Jan Clemens Carlsen, danna under midnattssola i Lofoten i 2006, og Bjørn Sundquist, av mange rekna som den fremste, og definitivt ein av dei mest meritterte, filmskodespelarane her til lands. 

Konserten er utan pause.

Stad
Ingebrikt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: