Eva Weel Skram

Eva Weel Skram. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Eva Weel Skram. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Torsdag, 2 juni, 2016 klokka 20:00

Saman med Thomas Stenersen utgjer Eva Weel Skram bandet Eva & The Heartmaker. Denne kvelden spelar dei som akustisk duo i vårt populære klubboppsett, noko som gir publikum ein unik sjanse til å oppleve Eva frå ei meir intim side.

2016 blir året der alt skjer fort!  Nytt album er på trappene og Eva har vore deltakar i årets sesong av Hver gang vi møtes. Der har vi fått oppleve kjende og nye sider av Eva, saman med m.a Wenche Myhre, Ravi, Jørn Hoel, Admiral P og Henning Kvitnes. 

Aftenposten har utropt Eva & The Heartmaker til ”et av de store eksportpotensialene” i si begeistra melding av bandet sitt kritikarroste fjerde album ”Traces of You”. Dei har for lengst etablert seg som ein av Noregs mest suksessfulle popgrupper, og har ein eigen evne til å produsere hits som få andre. Med ei imponerande mengde konsertar på nakken er det ingen tvil om at Eva & The Heartmaker leverer varene frå scena.

Med slåande popperler som «Mr. Tokyo», «Signals», «Gone in a flash», «Traces of you», «Joanna», ”Calling You” og ” Told You” som alle har dominert radiolistene, har Eva & The Heartmaker fått gode tilbakemeldingar frå både publikum og kritikarar.

God stemning er garantert!

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: