An Evening with Nordic Tenors

Nordic Tenors. Pressebilete.
Nordic Tenors. Pressebilete.
Laurdag, 24 oktober, 2015 klokka 19:00

Det er duka for ein festkveld når Nordic Tenors kjem til  Fosnavåg med si framsyning "An Evening with Nordic Tenors». Vi kan love ei framsyning med vakre klassiske perler, store musikalske opplevingar og mykje humor!

Desse muntre tenorane har vunne Komiprisen, vore kongelege toastmastarar, har åpna den nye operaen i Oslo og har vunne publikumshjarte over heile landet. No kjem dei til Fosnavåg med ei framsyning spekka med musikalske høgdepunkt og stor variasjon. Publikum vil få oppleve alt frå klassiske perler til jodling og klassikarar frå Beatles og Simon & Garfunkel.

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: