An Evening with Nordic Tenors

Nordic Tenors. Pressebilete.
Nordic Tenors. Pressebilete.
Fredag, 23 oktober, 2015 klokka 19:30

Det er duka for ein festkveld når Nordic Tenors kommer til Ingebrigt Davik-huset med framsyninga An Evening with Nordic Tenors

Vi kan lova ei framsyning med vakre klassiske perler, store musikalske augeblikk og mykje humor!

Desse muntre tenorane har vunne Komiprisen, vore kongelege toastmastere, har opna den nye operaen i Oslo og vunne publikums hjarter over heile landet. No kjem dei til Brattvåg med ei framsyning fylt med musikalske høgdepunkt og stor variasjon. Publikum vil få oppleve alt frå klassiske perler til jodling, samt klassikarar frå Beatles og Simon & Garfunkel.

Stad
Ingebrikt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: