Førjulskonsert med tenor Bror Magnus og Von Dess

Bror Magnus Tødenes. Pressefoto.
Bror Magnus Tødenes. Pressefoto.
Laurdag, 23 november, 2013 klokka 20:30

Von Dess
Von dess (blandakor) ble startet i 1994, og består av 40 sangglade medlemmer som elsker å formidle rytme og groove, så vel som tette og klangrike harmonier, samt klassiske utfordringer.

Koret er kjent for å være meget allsidig, og har i årenes løp hatt samarbeid med mange ulike norske artister og sanggrupper.

Den største begivenheten i senere tid, er konserten med den svenske musikalstjernen Peter Jöback høsten 2011.

Koret har også gjort det skarpt i korkonkurranser. I 2006 og 2010 ble det begge ganger seier i “Syng med oss” i Bergen, og i 2012 fikk vi to sølv plasser (pop og klassisk) i Calella i Spania.

Von dess har for 4. gang stått som arrangør av “Det Store Sunnmørske Korslaget”, et arrangement som har vokst i størrelse og kvalitet år for år.

Koret er så privilegert å ha to dyktige dirigenter som utfyller hverandre til fulle. Det er sangpedagog Solveig Håvik og pianist Hallvard Fremstad.

I høst søker vi nye utfordringer og gleder oss stort til samarbeidet med tenoren Bror Magnus Tødenes.

Bror Magnus Tødenes
Bror Magnus Tødenes har trass sine tjue unge år ei svært godt utvikla tenorstemme og musikalitet som vert rekna som svært sjeldan. Han briljerar med repertoar som er gjort kjend av store songarar som t.d. Luciano Pavarotti, Placido Domingo og Jussi Björling.

Bror Magnus vert av framståande personar innan klassisk musikk og opera i Noreg omtala som ”Fantastisk talent”, ”Unik stemme” og ”eit operatalent av dei sjeldne”.

I tillegg til klassisk song og opera, er han ein framifrå utøvar på både piano og gitar. Eit raskt søk på internett stadfestar at dette er ein aktiv kar.

Han har motteke talentstipend frå Sparebank1 Søre Sunnmøre og GNIST Mørestipend frå Sparebank Møre. Han har og fått særskilt sponsoravtale med NTNU i Trondheim for å vidareutvikle talentet sitt. Han gav i desember 2012 sin fyrste CD ”Tenor” og står no på terskelen til større oppdrag.

I løpet av 2013 vert han å høyre som solist ved fleire større arrangement, ma. Olavsfestdagane i Trondheim, ved RingsakerOperaen og Opera Trøndelag. Han har oppdrag i lag med TrondheimSolistane, -eit strykeorkester i verdsklasse. Og er spesielt invitert til å synge på deira 25 års jubileumskonsert i Olavshallen hausten 2013.

Bror Magnus er nett ferdig med 1. år Bachelorstudie i klassisk song ved NTNU Institutt for musikk i Trondheim for tur. Før dette gjekk han på talentprogrammet ”Unge Musikere” ved NTNU, samstundes som han var elev ved musikklina på Fagerlia vidaregåande skule. Ved NTNU har han professor Kåre Bjørkøy som songlærar.

Bror Magnus er oppvaksen i Eiksund i Ulstein kommune.

Stad
Ulstein Kyrkje
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: