Førstereis

Førstereis. Foto: Riksteatret.
Førstereis. Foto: Riksteatret.
Laurdag, 18 mars, 2017 klokka 19:00

Helge Jordal vitjar Fosnavåg med «Førstereis» som tek utgangspunkt i den store sjøfartsida i Norge etter andre verdskrig.

Vi blir med 15 år gamle Martin som rømer frå guteheim til utanriksfart. Vi er med han på vakttørnar på brua, på rakadis i Antwerpen og på julefeiring om bord – og på møte med den vakre Christiania frå Rio de Janeiro. 

Helge Jordal har kveld etter kveld spelt førstereisguten for fulle hus på Den Nationale Scene og på turne med Riksteatret. Her får han bruke sitt store register av humor og galskap, forteljarglede og djupaste alvor i ei framsyning som vart til i samarbeid med forfattar Morten Lorentzen. «En strålende teater-opplevelse», sa Bergens Tidende. 

Stad
Fosnavåg Konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: