Familiegreier - Dora Thorhallsdottir

Dora Thorallsdottir. Pressebilete. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Dora Thorallsdottir. Pressebilete. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Laurdag, 1 april, 2017 klokka 19:00

Dora Thorallsdottir debuterte på Latter hausten 2013 med braksuksessen "Det var ikke sånn det skulle bli". Showet spelte for utselde hus i over to år og gjorde henne til ein stor publikumsfavoritt.

No er ho tilbake med ei splitter ny forestilling og denne gongen besøker ho også Sjøborg! Sjå frem til ein sprudlande "helaften" med ærlig, intelligent og hysterisk morsom stand up, med landets gøyaste relasjonsterapeut.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 320,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: