Familieshow//JUBELTUBE: Er det sant at alt går an?

Jubeltube. Plakat: Ørsta Kulturhus.
Jubeltube. Plakat: Ørsta Kulturhus.
Laurdag, 1 desember, 2018 klokka 14:00

Er det sant at alt går an? er ei musikalsk familieforestilling om undring og vitelyst. Gjennom leikne låtar, spennande eksperiment og konkurransar får publikum ei frisk forestilling som set seg både i hovudet og i hjartet. 
Fleire av barna i publikum får også bli med opp på scena undervegs. 

Det beste frå skjerm og scene 
Når Linn og Håvard spelar, er det med eit leikent overskot, ekte nærvære og det beste frå deira felles barnekanal – Jubeltube. Kanalen er ei naturleg fortsetjing for Håvard som var programleiar i NRK Super i 4 år med blant anna BarneTV, Julemorgen og Barn ingen adgang. Linn er skodespelar og kreatør med mange års erfaring innan teater, musikal, TV og film.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: