Farmers Market

Farmers Market. Pressefoto.
Farmers Market. Pressefoto.
Laurdag, 21 oktober, 2017 klokka 20:00

Farmers Market har vore eit av dei leiande norske jazzbanda til stor begeistring for fleire jazzklubbar og festivalar, dei blir liksom aldri lei av å spele saman.

Farmers Market orienterte seg tidleg mot bulgarsk folkemusikk og er kjent for å spele musikk i svært så avanserte taktartar.

Musikken er ein hemningslaus gitarbasert, rytmisk-melodisk overskuddsorgie med nikk til både progrock, sigøynertradisjonar, orkestermusikk, country og 70-tals filmmusikk.
Som dei sjølv skildrar det; Fem middelklassegutar som under store delar av lydgildet blant anna har alliert seg med musikalske artsfrender/våpendragarar frå høykastene i India, lavslettene i Trøndelag, Romfolk frå Bulgaria & Bon'folk frå Fræna. Dette har resultert i eit aldeles utsøkt knippe auditive nytelsar til innvortes bruk for alle - uansett sosiale antenner i alle aldrar.

Medlemar:
Stian Carstensen, trekkspill, vokal
Trifon Trifonov, altsaksofon og klarinett
Nils-Olav Johansen, gitar og vokal
Jarle Vespestad, trommer
Finn Guttormsen, bass

Stad
Fosnavåg Konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: