Faulty Towers, The Dining Experience

Faulty Towers med Donna, Jack og Andy.
Faulty Towers med Donna, Jack og Andy.
Torsdag, 19 november, 2015 klokka 19:30

Fawlty Towers gjorde stor suksess i fjor og vi gjentek suksessen no - denne gongen inne i konsertsalen og i samarbeid med hotellet som står for all servering. Ta kontakt om de ønsker å reservere bord. Max 10 pers pr bord .

Sjekk inn på eit kulturhus i særklasse og få ein middag utanom det vanlege! Fawlty Towers, eller "Hotell i Særklasse", er sannsynligvis den meste populære og mest kjente britiske komiserien som er vist på norsk TV.

Rollefigurane som vi elskar gjenoppstår i ‘Faulty Towers The Dining Experience’, som er eit unikt, interaktivt to-timars show fullstappa med latter og med humoren vi huskar frå serien. Alt kan skje når den maniske Basil, den dominerande Sybil og ikkje minst den språkforvirra, klønete Manuel serverar gjestane middag på typisk ‘Faulty’-måte!

‘Faulty Towers The Dining Experience’ har vært ein kjempehit over heile verda og kjem no til Norge!

 

Les kva kritikarane seier:

‘Det har muligens vært ledd mer på kortere tid av et Gaffel & Karaffel-publikum tidligere under et show, men jeg tviler på det. Noensinne. For Faulty Towers The Dining Experience er noe for seg selv'– Rogalands Avis 

‘‘****A once in a lifetime dining experience’ – London Theatre Guide 

‘**** A two-hour eat, drink and laugh sensation’ - Daily Telegraph

'***** This is top end entertainment, a triple espresso of physicality that will knock you for six. Deliciously entertaining from start to finish, this is not to be missed.' - What’s On - London

'***** This is belly-achingly funny and something truly unique. We can’t recommend it enough’ – London Date Guide

Dette showet blei satt opp på ein restaurant i London’s West End tidleg i November 2012. I følge Time Out London, er det eit av dei mest besøkte showa i byen den same månaden. ‘Faulty Towers The Dining Experience’ debuterte på Sydney Opera House i september 2013 med 8 utselde show. 

I mai 2014, debuterte showet på selvaste Royal Albert Hall med 5 utselde show - dette vert rekord, for spillestaden har aldri før booka fem framsyningar på rad!

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: