Felles tonar, felles glede

Foto: Ulstein kulturskule.
Foto: Ulstein kulturskule.
Onsdag, 10 juni, 2015 klokka 18:00

Ulstein kulturskule vil i år også stå for opningskonserten ved Smak av Ulstein.

Ulstein kulturskule vart skipa i 1975, og er med andre ord inne i eit jubileumsår, men sommarkonserten er ikkje meint som ei markering av jubileet, då dette vil bli markert med ein jubileumskonser ti løpet av hausten 2015.

Denne konserten er tenkt som ein mønstringskonsert med store grupper og stort mangfald, men også med enkelte solistinnslag  For aller fyrste gong i Ulstein kulturskule har vi også med tangentensemble. Her er det duka for kulturell utfalding og musikkglede.

Vi ynskjer hjarteleg velkomne til ein fin og stemningsfull konsert på Sjøborg, og vi håper sjølvsagt på full sal.

Billettar 
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Voksne kr 100,-
Born (opp til 16 år) kr 50,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Billettar i sal frå fredag 24. april kl 09.00.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: