Festivalpass

Jubileumsplakat 2016. Foto: Fosnavåg konserthus.
Jubileumsplakat 2016. Foto: Fosnavåg konserthus.
Fredag, 11 november, 2016 klokka 15:00

Det er nesten nøyaktig 2 år sidan konserthuset og hotellet vart opna, og det feirar vi med ein liten minifestival. Denne helga kan du oppleve ikkje mindre enn fire konsertar, og viss du har lyst å få med deg alt som skjer kan du kjøpe eit festivalpass. Det vil også bli høve til å kjøpe hotellpakkar i kombinasjon med konsertbillettar

Fredag: 
deLillos
 
Vi trekk amfiet tilbake og lagar ståkonsert på golvet. Her blir det alkoholservering og 18 årsgrense. I tillegg sel vi sitteplassar på bakre amfi utan alkoholservering. Er du under 18 år og vil stå på golvet, kan du gjere det viss du har med deg verje. 

Laurdag: 
Ole Reinlund og Ålesund strykekvartett
Vi inviterer for første gong til foajékonsert med småbord
Jazzar på nynorsk
Nordvest Big Band under l
eiing av Eckhard Baur med solist/standup Fredrik Steen og Birgitte Velsvik.

Søndag:
Sivert Høyem er innehavar av ei stemme som må sjåast på som ei av landet sine naturressursar. På hans siste album Lioness blir Høyem sin vokal løfta fram, ikkje berre av det ytterst solide bandet han omgir seg med, men også av ein rik, organisk vev av strykarar og akustiske instrument. Same oppsett som på deLillos-konserten.

Få fire konsertar på ein billett! Kjøp FESTIVALPASS!
Dersom du ynskjer å ha sitteplass på deLillos og/eller Sivert Høyem må du på førehand be om å få ein sitteplass ved å vise fram festivalpasset. Det same gjeld "Jazzar på nynorsk" der det kun er sitteplassar. På foajekonserten med Ole Reinlund blir det ikkje nummererte plassar.

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: