Festkonsert: Fole te folkemusikk

Folkemusikkarkivet 25 år. Fotokjelde: Folkemusikkarkivet Møre og Romsdal.
Folkemusikkarkivet 25 år. Fotokjelde: Folkemusikkarkivet Møre og Romsdal.
Fredag, 27 november, 2015 klokka 18:00

Festkonsert: Fole te folkemusikk Folkemusikken og folkedansen er både gamal og ung på same tid. Gamle slåttar vert utforska av unge kroppar i ei ny tid. Noko vert verande gamalt, noko vert rundare, noko krassare – tradisjonar flyt vidare inn i ei ny og ukjend tid.

I festkonserten ”Fole te folkemusikk” feirar vi at Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal fyller 25 år. Miljøet, dei unge og dei eldre spelar og dansar sine tradisjonar. Utan spelemannslaga, dansarlaga, utøvarane og eldsjelene hadde det ikkje vore noko materiale å samle og forske på i Folkemusikkarkivet sine samlingar.

På konserten vil ensemblet presentere musikk og dans frå heile fylket. Ensemblet består av to profesjonelle folkemusikarar og fire unge som i dag studerer folkemusikk. Dei skal arbeide kunstnarisk utforskande fram mot konserten, og med tanke på at alle sit med sine tradisjonar frå kvar sin kant av fylket vil dette samarbeidet og denne konserten verte eit spanande møte.

Det lokale miljøet vil og delta på scena under delar av konserten.

 

Musikarar: 

Øystein Sandbukt (gitar)

Britt Elise Skram (fele)

Thea Marie Ytterdal (fele)

Kine Iselilja Gyldenskog (song)

Frøydis Bergheim Ruud (fele)

Bjørn Petter Tøsse (trekkspel)

 

 

Ansvarleg: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal med stønad frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: