Firenasjonarsturnering - handball

Firenasjonarturnering 2016.
Firenasjonarturnering 2016.
Torsdag, 21 juli, 2016 klokka 17:15
Laurdag, 23 juli, 2016 klokka 17:15
Søndag, 24 juli, 2016 klokka 15:45
Søndag, 24 juli, 2016 klokka 17:00

No kan du sikre plass til handballfesten på Sunnmøre

Billettane til landslagsturneringa i handball i Ulsteinvik i juli kjem for ordinært sal fredag 11. mars kl 09.00.

Hødd handball og handballforbundet arrangerer firenasjonar-turnering 21.-24. juli, der dei norske Handballjentene deltek. Landslaget møter toppnasjonane Danmark, Frankrike og Romania til kampar i Ulsteinhallen.

Det spelast to kampar kvar dag og oppsettet er som følgjer:

Torsdag 21. juli: Frankrike-Danmark (17:15) og Norge-Romania (19:30)
Laurdag 23. juli: Romania-Frankrike (17:15) og Norge-Danmark (19:30)
Søndag 24. juli: Danmark-Romania (15:45) og Norge-Frankrike (18:00)

Det er planlagt å bygge tribuner med om lag 2000 sitjeplassar. Interessa frå handballmiljøet har vore stor, og meir enn halvparten av billettane er allereie reserverte eller selt etter få dagars førehandssal via klubbane i Møre og Romsdal.

Billettane er fordelt på fylgjande felt:

sjøborg.png

- Vi er kjempenøgd med responsen. Dei som ønskjer å sikre seg billettar til årets handballfest må vere raske, og vi lovar ei kjempeoppleving i Ulsteinhallen med verdas beste handballspelarar i aksjon, seier leiar Jarl Martin Møller i Hødd handball.

Hanballgruppa i Hødd feirar 70-årsjubileum i år, og vil markere dette i samband med turneringa. Dei norske Handballjentene kjem til Ulsteinvik allereie måndag 18. juli.

Hødd handball planlegg ei opplevingsrik veke for gjestar og besøkande med handballskule, beachturnering, familiearrangement og seminar. Veka etter turneringa reiser landslaget til OL i Rio de Janeiro.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 330,- pr dag.

Billettsal frå fredag 11. mars kl 09.00.

Stad
Ulsteinhallen
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: