Fiskarkona og døtrene hennar

Laurdag, 1 oktober, 2011 klokka 19:00:00

Kven hadde ho vist seg å vere tru, skulptør Tore Bjørn Skjølsvik si fiskarkonestatue på Vågsplassen i Fosnavåg, om ho kunne tre ned av sokkelen og fortelje oss om livet sitt?

Dette er det eksistensielle inngongsspørsmålet for forteljeframsyninga
«Fiskarkona og døtrene hennar», der tilhøyrarane får møte eit utval av dei tusenvis av kvinnene - og borna som gjennom tidene har utgjort mottaksapparatet for foredlinga av havets grøde her i Herøy.

Gjennom ei samling minnefortejingar frå tidsromet 1860 til 1960 vil dei to aktørane Guri Aasen og Andrine Longva Kopperstad gjennom ord og tonar bere til torgs både fiskarbonden og tenestetausa, budakokka og kverkejenta, klippfiskkjerringa og hermetikkarbeiderska, som - ofte på hardt akkordarbeid - ikkje vørde stort at ryggen jamra og fingrane vart hovne og hudlause.
Borna må sjølvsagt óg med, då dei til langt inn i vår tid møtte arbeidslivet i døra frå den dagen hendene var sterke nok til å ro ein færing, mjølke ei ku, bære ein klippfisk, skjære ei torsketunge eller trede eit haud.
Fram til i dag har det vore dokumentert heller lite om desse arbeidsjarna sin innsats, og kunnskapen om den viktige rolla dei har hatt held såleis på å gå i gløymeboka.
Forteljeframsyninga har vekse fram frå skriftlege lokalhistoriske kjelder og gjennom samtalar med 30 kvinner og menn i alderen 48 104 år, alle med solid handlingsbåren kunnskap.
Sjølv om delar av forteljingane og persongalleriet er fri diktning frå manus-forfattaren si side, byggjer innhaldet på minnebileta som informantane så raust har delt av, og vil difor vonaleg framstå som 100% truverdige.
Eit anna viktig historisk bakteppe er fotogafi av kvinner i fisketilverkinga, og
eit lite knippe av motiva framstår som framsyninga si scenografiske rame.

Stad
Herøy kulturhus
Fosnavåg
6099
FOSNAVÅG
Kommune: