"Fiskerkona" Guri Aasen

Fredag, 5 oktober, 2012 klokka 13:00:00

GURI AASEN MED FISKARKONA OG DØTRENE HENNAR - EIT HUNDREÅRIG KVINNEMINNEALBUM

i kvinnehistorisk forteljeframsyning i ord og tonar.
Kven hadde ho vist seg å vere tru, skulptør Tore Bjørn Skjølsvik si fiskarkonestatue på Vågsplassen i Fosnavåg, om ho kunne tre ned av sokkelen og fortelje oss om livet sitt? Dette er det eksistensielle inngongsspørsmålet for forteljeframsyninga

«Fiskarkona og døtrene hennar- eit hundreårig kvinneminnealbum», der tilhøyrarane får møte eit utval av dei tusenvis av kvinnene - og borna som gjennom tidene har utgjort mottaksapparatet for foredlinga av havets grøde i Herøy liksom langs heile norskekysten.

Gjennom ei samling minnefortejingar frå tidsromet 1860 til 1960 vil forteljar Guri Aasen og felespelar Andrine Longva Kopperstad gjennom ord og tonar bere til torgs både fiskarbonden og tenestetausa, budakokka og kverkejenta, klippfiskkjerringa og hermetikkarbeiderska, som - ofte på hardt akkordarbeid - ikkje vørde stort at ryggen jamra og fingrane vart hovne og hudlause.

Borna må sjølvsagt óg med, då dei til langt inn i vår tid møtte arbeidslivet i døra frå den dagen hendene var sterke nok til å ro ein færing, mjølke ei ku, bære ein klippfisk, skjære ei torsketunge eller trede eit haud. Fram til i dag har det vore dokumentert heller lite om desse arbeidsjarna sin innsats, og kunnskapen om den viktige rolla dei har hatt held såleis på å gå i gløymeboka.

Forteljeframsyninga har vekse fram frå skriftlege lokalhistoriske kjelder og gjennom samtalar med 30 kvinner og menn i alderen 48 104 år, alle med solid handlingsbåren kunnskap. Sjølv om delar av forteljingane og persongalleriet er fri diktning frå manus-forfattaren si side, byggjer innhaldet på minnebileta som informantane så raust har delt av, og vil difor vonaleg framstå som 100% truverdige. Eit anna viktig historisk bakteppe er fotogafi av kvinner i fisketilverkinga, og eit lite knippe av motiva framstår som framsyninga si scenografiske rame.

Medverkande:
Manus/ regi/ forteljar: Guri Aasen
Musikkansvar/ fele: Andrine Longva Kopperstad
Kostyme: Hege Sørdal kreeringsverkastad
Scenografi: Cann AS v/ Anne- Ma Solheim

Stad: Fiskerimuseet
Dato: Fredag 5. oktober
Tid: Kl 13
Pris: Kr 70 inkl. fiskesuppe

Stad
Fiskerimuseet
6025
ÅLESUND
Kommune: