Fjord Cadenza - Avslutningskonsert på Gomerhuset

Frode Alnes. Pressebilete. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Frode Alnes. Pressebilete. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Kaunas City Symphony Orchestra. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Kaunas City Symphony Orchestra. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Charlotte Fongen og Magne Fremmerlid. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Charlotte Fongen og Magne Fremmerlid. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Søndag, 14 august, 2016 klokka 19:00

Frode Alnæs, Magne Fremmerlid, Charlotte Fongen og Inga Våga Gaustad i samspel med Kaunas City Symphony Orchestra byr inn til ein storslått og forrykande avslutningskonsert på Gomerhuset!

Frode Alnæs 

Frode Alnæs har gjennom 30 år blitt feira som ein av norsk musikkliv sine mest populære og suksessrike artistar og låtskrivarar. Han har i alle år gleda eit stort publikum gjennom sin musikk og sitt smittande humør. Frode vert rekna som ein seriøs komponist og ein av Norges beste gitaristar. Han er også ein dyktig songar! Vi er stolte av å kunne presentere Frode som ein av dei sentrale artistane på årets avslutningskonsert!

Kaunas City Symphony Orchestra 

Vi er svært stolte av å kunne ønskje det internasjonale anerkjende orkesteret Kaunas City Symphony Orchestra velkomen tilbake til Fjord Cadenza. Dette er eit heilprofesjonelt orkester av svært høg standard som borgar for høg kvalitet og gode musikkopplevingar under årets festival!Kaunas City Symphony Orchestra gjev konsertar i inn- og utland, blant anna Latvia, Estland, Norge, Sveits, Tyskland, Finland og Italia, opptrer jamleg på ulike internasjonale festivalar, presenterer konsertprosjekt og gjev tematiske konsertar. Mange berømte nasjonale og internasjonale solistar og dirigentar har samarbeidd med orkesteret.

Orkesteret opptrer og organiserer meir enn 50 konsertar per år. Orkesteret er svært allsidig og spesialiserer seg i ulike sjangrar som klassisk, samtidsmusikk, inkludert crossover-prosjekt med ulike grupper som “The Scorpions”, “Smokie” og “Electric Light Orchestra” for å nemne nokre. Orkesteret spelte òg fast ved operakonkurransen ”Arc of Triumph” for Litauisk Nasjonale fjernsyn. Blant dei mest framtredande høgdepunkta førre sesongen er samarbeidet med den berømte barytonen Dmitry Hvorostovsky og dirigent Constantine Orbelian, turné i “Murten Classics”-festival i Sveits under dirigentpinnen til Kaspar Zehnder.

I orkesteret sin diskografi er det fem CD-ar, og fem nye prosjekt vart nyleg innspelt saman med dagens mest berømte stemmer: Ildar Abdrazakov, og den mest etterspurte belcanto-tenor Lawrence Brownlee. Ei studio-innspeling av G. Verdi sin “Simon Boccanegra” saman med Dmitri Hvorostovsky, Barbara Frittoli, Stefano Secco, Marco Caria er den neste som vert slept frå plateselskapet ”Dellos”.

Charlotte Fongen

Charlotte Fongen har solistutdanninga si frå Norges Musikkhøyskole, der ho tok si diplom-songutdanning i 1992. Tidlegare studerte ho på Østlandets Musikkonservatorium og ved Barratt Dues Musikkinstitutt. Charlotte sine songlærarar har m.a. vore Marit Isene og Anne Nyborg. Charlotte starta i NRK sitt Pikekor som 5 åring og song der i 16 år under leiing av Marie Foss. Ho var med i mange TV-framsyningar, konkurransar og turnear i Europa og USA.

Charlotte debuterte som songar med Rikskonsertane si debutstøtte i 1992 og same hausten debuterte ho som solist på Den Norske Opera. Ho har gjort ei rekke roller på Den Norske Opera, operaen i Kristiansund og operaer i Danmark. Charlotte er mykje brukt som Oriatorie-songar, og har sunge med dei fleste orkester i Noreg. I 2008 dirigerte ho “Fengselskoret” for TV Norge, og ho har vore dirigent for ei rekkje kor dei siste 20 åra. Ho er engasjert som pedagog i Dissimilis, og har skrive “Jenny - en annerledes opera”, som vart sett opp på operaen i Bjørvika hausten 2008 med tv-seriekulturpris som følge.

Magne Fremmerlid

"Enestående", "sedvanlig malmklar" og "en av hans fineste prestasjoner noensinne" er berre noko av det meldarane har skrive om Magne Fremmerlid dei siste par åra. Sidan 1997 har han fore fast tilknytt solistensemblet ved Nasjonaloperaen. På det mangfaldige repertoaret hans står roller som Scarpia i Tosca, Sarasto i Tryllefløyten, Colline i La boheme, Kommandanten i Don Giovanni, Fafner i Rhingullet, Gagen i Götterdämmerung, Vannånden i Rusalka, Kong marke i Tristan og Isolde, Hermann i Tannhauser, Stuart i jorden rundt på 80 dager og Tempo/Nettuno i Ulysses vender hjem. 

I september 2012 heldt han sin eigen soloresital på Scene 2 med Boris Schäfer. Fremmerlids sjangermessige spenn er breitt, og inkluderer både tørrfiskoperaen Querini på Røst og jazzoperaen Storkaren under Fjord Cadenza-festivalen. I tillegg er han ein etterspurt konsert- og oratoriesongar og han har vore solist ei rekkje gongar med Oslo-filharmonien, Bergen Filharmoniske Orkester og Stavanger Symfoniorkester. Dei siste åra har Magne merka seg spesielt ut i Wagner-roller. Han gjorde stor suksess i Essen, Tyskland, i rolla som Gurnemanz i Parsifal og for rolla som Daland i Den flyvende Hollender i Oslo. Han har og nyleg gjort kong Heinrich i Lohengrin førre sesong i Oslo. 

Magne seier dette om opera: "Opera, det ein treng når livet blir for lett å leve".

Inga Våga Gaustad

Førsteprisvinnaren frå 2015 markerte seg i fjor med særs vakse og temperamentsfullt fiolinspel. Hun er elev ved Barratt Due i Oslo. Vinnaren frå 2015 får æren av solistoppdrag under 2016-utgåva av Fjord Cadenza. 


Stad
Gomerhuset
Stadionvegen 25
6260
Skodje
Kommune: