Fjord Cadenza: Eit fyrverkeri av ein opningskonsert med konferansier Hilde Louise Asbjørnsen

Hilde Louise Asbjørnsen. Pressefoto.
Hilde Louise Asbjørnsen. Pressefoto.
Fredag, 7 august, 2015 klokka 20:00

Konferansier Hilde Louise Asbjørnsen, Kaunas City Symphony Orchestra, Laurens Weinhld og Rune Bergmann.

Eit fyrvekeri av ein opningskonsert i god Fjord Cadenza tradisjon vert presentert i samarbeid med Sparebanken Møre.

Hilde Louise Asbjørnsen

Det er ei ære for Fjord Cadenza at vokalist, musikar og kabaret-artist Hilde Louise Asbjørnsen har sagt ja til å stå for den offisielle opninga av Fjord Cadenza 2015!

Hilde Louise Asbjørnsen er frå Sykkylven og har for lenge sidan etablert seg som ein svært allsidig og dyktig artist. Ho har i 10 år virka som jazzvokalist, låtskrivar, tekstforfattar og kabaret-artist. Ho har blant anna gitt ut sju kritikarroste album og turnert landet i fleire omgangar med komikarduoen Asbjørnsen & Joh. Ho har gjort rollen som Ulla i musikalsuksessen ”The Producers” på Oslo Nye Teater og vann for denne rollen prisen for ”Beste Kvinnelige Artist” under Komiprisen 2011. Mange hugsar henne særleg frå NRK sin reality-serie ”Maestro” der ho gjekk sigrande ut av konkurransen om å dirigere Kringkastingsorkesteret. I seinare tid har ho mellom anna vore svært aktuell i hovudrolla som Roxy Hard i musikalen «Chicago».

Asbjørnsen besøkte også Fjord Cadenza i 2013 og vi er svært fornøgde med at Asbjørnsen kjem attende til festivalen i år. – Det er veldig gøy å kunne presentere ein entertainer av Hilde Louise sitt format på Fjord Cadenza. Ho passar perfekt inn i vår profil med sin dyktighet og allsidighet og alle som har vore på konsert med Hilde Louise veit at ho må opplevast. Det er heller ikkje feil at ho er vaskeekte sunnmøring, seier styreleiar Hallgeir Øvrebust.

 

For meir informasjon, sjå: http://www.hildelouise.com/

Ei rekkje opptak med Hilde Louise finn ein her: 
https://www.youtube.com/user/hildelouise1

Stad
Gomerhuset
Stadionvegen 25
6260
Skodje
Kommune: 
Tema: