Fjord Cadenza - Klassiske perler i Ålesund kirke

Kaunas City Symphony Orchestra. Pressebilde. Fotokilde: Fjord Cadenza.
Kaunas City Symphony Orchestra. Pressebilde. Fotokilde: Fjord Cadenza.
Torsdag, 10 august, 2017 klokka 21:00

Eit fantastisk knippe av klassiske perler framført av eit stjernelag med Kaunas City Symphony Orchestra som fundament. Her blir det presentert verk av festivalkomponist Bertil Palmar Johansen, Haydn og Marcussen.

Solistar: Philippe Quint, Magne Fremmerlid, Charlotte Fongen, Povilas Syrrist-Gelgota og Toril Syrrist-Gelgota. 

Vi er svært stolte av å kunne ønskje det internasjonale anerkjende orkesteret Kaunas City Symphony Orchestra velkomen tilbake til Fjord Cadenza. Dette er eit heilprofesjonelt orkester av svært høg standard som borgar for høg kvalitet og gode musikkopplevingar under årets festival!Kaunas City Symphony Orchestra gjev konsertar i inn- og utland, blant anna Latvia, Estland, Norge, Sveits, Tyskland, Finland og Italia, opptrer jamleg på ulike internasjonale festivalar, presenterer konsertprosjekt og gjev tematiske konsertar. Mange berømte nasjonale og internasjonale solistar og dirigentar har samarbeidd med orkesteret. 

 

Orkesteret opptrer og organiserer meir enn 50 konsertar per år. Orkesteret er svært allsidig og spesialiserer seg i ulike sjangrar som klassisk, samtidsmusikk, inkludert crossover-prosjekt med ulike grupper som “The Scorpions”, “Smokie” og “Electric Light Orchestra” for å nemne nokre. Orkesteret spelte òg fast ved operakonkurransen ”Arc of Triumph” for Litauisk Nasjonale fjernsyn. Blant dei mest framtredande høgdepunkta førre sesongen er samarbeidet med den berømte barytonen Dmitry Hvorostovsky og dirigent Constantine Orbelian, turné i “Murten Classics”-festival i Sveits under dirigentpinnen til Kaspar Zehnder.

 

I orkesteret sin diskografi er det fem CD-ar, og fem nye prosjekt vart nyleg innspelt saman med dagens mest berømte stemmer: Ildar Abdrazakov, og den mest etterspurte belcanto-tenor Lawrence Brownlee. Ei studio-innspeling av G. Verdi sin “Simon Boccanegra” saman med Dmitri Hvorostovsky, Barbara Frittoli, Stefano Secco, Marco Caria er den neste som vert slept frå plateselskapet ”Dellos”.

 

Dette arrangementet er også en del av programmet Sommerkonserter 2017 -  Kirkene i Ålesund.

Stad
Ålesund Kirke
Stadionvegen 25
6260
Skodje
Kommune: