Fjord Cadenza - Operapub på Publix Bar

Charlotte Fongen og Magne Fremmelid. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Charlotte Fongen og Magne Fremmelid. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Laurdag, 13 august, 2016 klokka 21:00

Charlotte Fongen og Magne Fremmerlid med venner. Nyt operaperler og god servering som ei flott avslutning på ein innhaldsrik dag.

Charlotte Fongen

 

Charlotte Fongen har solistutdanninga si frå Norges Musikkhøyskole, der ho tok si diplom-songutdanning i 1992. Tidlegare studerte ho på Østlandets Musikkonservatorium og ved Barratt Dues Musikkinstitutt. Charlotte sine songlærarar har m.a. vore Marit Isene og Anne Nyborg. Charlotte starta i NRK sitt Pikekor som 5 åring og song der i 16 år under leiing av Marie Foss. Ho var med i mange TV-framsyningar, konkurransar og turnear i Europa og USA.

 

Charlotte debuterte som songar med Rikskonsertane si debutstøtte i 1992 og same hausten debuterte ho som solist på Den Norske Opera. Ho har gjort ei rekke roller på Den Norske Opera, operaen i Kristiansund og operaer i Danmark. Charlotte er mykje brukt som Oriatorie-songar, og har sunge med dei fleste orkester i Noreg. I 2008 dirigerte ho “Fengselskoret” for TV Norge, og ho har vore dirigent for ei rekkje kor dei siste 20 åra. Ho er engasjert som pedagog i Dissimilis, og har skrive “Jenny - en annerledes opera”, som vart sett opp på operaen i Bjørvika hausten 2008 med tv-seriekulturpris som følge.

 

Magne Fremmerlid

 

"Enestående", "sedvanlig malmklar" og "en av hans fineste prestasjoner noensinne" er berre noko av det meldarane har skrive om Magne Fremmerlid dei siste par åra.

 

Sidan 1997 har han fore fast tilknytt solistensemblet ved Nasjonaloperaen. På det mangfaldige repertoaret hans står roller som Scarpia i Tosca, Sarasto i Tryllefløyten, Colline i La boheme, Kommandanten i Don Giovanni, Fafner i Rhingullet, Gagen i Götterdämmerung, Vannånden i Rusalka, Kong marke i Tristan og Isolde, Hermann i Tannhauser, Stuart i jorden rundt på 80 dager og Tempo/Nettuno i Ulysses vender hjem. 

 

I september 2012 heldt han sin eigen soloresital på Scene 2 med Boris Schäfer. Fremmerlids sjangermessige spenn er breitt, og inkluderer både tørrfiskoperaen Querini på Røst og jazzoperaen Storkaren under Fjord Cadenza-festivalen. I tillegg er han ein etterspurt konsert- og oratoriesongar og han har vore solist ei rekkje gongar med Oslo-filharmonien, Bergen Filharmoniske Orkester og Stavanger Symfoniorkester.

 

Dei siste åra har Magne merka seg spesielt ut i Wagner-roller. Han gjorde stor suksess i Essen, Tyskland, i rolla som Gurnemanz i Parsifal og for rolla som Daland i Den flyvende Hollender i Oslo. Han har og nyleg gjort kong Heinrich i Lohengrin førre sesong i Oslo. 

 

Magne seier dette om opera: "Opera, det ein treng når livet blir for lett å leve".

Stad
Gomerhuset
Stadionvegen 25
6260
Skodje
Kommune: