Fjord Cadenza - Opningskonsert i Gomerhuset

Joaquín Achúcarro. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Joaquín Achúcarro. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Fredag, 12 august, 2016 klokka 20:00

Den verdkjende pianisten Joaquin Achucarro i samspel med Kaunas City Symphony Orchestra under leiing av Rune Bergmann. Årets festivalkomponist Magnar Åm vert også presentert i eit fyrverkeri av en opningskonsert i god Fjord Cadenza tradisjon!

Vi er svært stolte og glade over å kunne presentere den verdskjende pianisten Joaquin Achucarro som ein av dei store profilane under årets Fjord Cadenza. Achucarro er kjend som ein av verdas beste utøvarar på sitt instrument og har spelt med alle dei store internasjonale orkestera. I samband med Fjord Cadenza vil Achucarro mellom anna framføre Grieg sin a-moll konsert på Opningskonserten i Gomerhuset, spanande program frå Grieg i Fosnavåg Konserthus samt unik intimkonsert i den flotte Nerskøy-løa.

 

I 2015 blei ei av Joaquin Achucarro sine innspelingar kåra til ei av «The Best 100 Piano Recordings of All Time» saman med legender som Rachmaninoff, Horowitz, Rubinstein, Gieseking, Cortot, Richter, Gould, Arrau, Brendel, Argerich, Zimerman og Pollini. Achucarro har vidare vunne ei rekkje internasjonale prisar i Spania, Frankrike, Italia og Sveits.

 

Bestemora til Joaquin var kusina til Edvard Grieg, og dei flytta til Spania då ho gifta seg med han som var ein del av starten på eventyret med eksport av klippfisk frå Norge. Etablering av verksemda for å eksportera klippfisk var grunnen til at dei flytta til Spania.  Joaquin vert i dag sett på som ein av dei beste pianistane i verda og ein av dei siste frå den gamle generasjonen. Han har spelt saman med dei beste musikarane i verda og har m.a. spelt inn plater med Berlin Filharmonien og fleire av dei beste orkestera i verda. 

Stad
Gomerhuset
Stadionvegen 25
6260
Skodje
Kommune: