Fjord & Fjell

Tysdag, 25 juni, 2013 klokka 20:00

Fjord og Fjell sentrale under Sunndal Kulturfestival.

Møremusikargruppa Fjord og Fjell fra Sunndal kjem ut med ny CD i juni i samband med gjennomføringa av Sunndal kulturfestival 2013. Gruppa vil halde releasekonsert i Sunndal kulturhus 25.6 og der vil det vere mogleg å kjøpe CDen.

Repertoaret på CDen er eige materiale som gruppa har laga med mellom anna basis frånordmørske musikktradisjonar og eit nyskapande lydbilde.

Gitarist Øystein Sandbukt gir uttrykk for at publikummet til Fjord og Fjell har etterlyst innspelingar av musikken dei har høyrt live: "Fjord og Fjell spelar over heile fylket på mange ulike konsertarenar kvar sesong, og vi får ofte spørsmål om å få kjøpe CD. Så langt har vi ikkje fått oppfylt ynskja frå publikum, men vi gleder oss no til å få sende resultatet av innspelinga ut til publikum."

Fjord og Fjell har spelt saman som kvartett i over fire år med dagens besetning. Dei fire i Fjord og Fjell er distriktsmusikarar med Møre og Romsdal fylkeskommune som arbeidsgivar og med allsidige oppdrag med alt fråkonsertar i barnehagar, påskolar, arbeidsplasskonsertar, konferanseoppdrag og eigne konsertproduksjonar for kulturhus og påandre aktuelle arenaer.

Stad
Sunndal kulturhus
Auragt. 2
6600
Sunndalsøra
Kommune: