FlamenCompaniet

Laurdag, 11 august, 2012 klokka 15:00:00
Laurdag, 11 august, 2012 klokka 21:00:00

Danseforestilling med temperament og humor.
Barneforestilling kl 1500 og kveldsforestilling kl 2100

Barneforestilling kl 1500 og kveldsforestilling kl 2100

Dette er Midt-Norge sitt einaste flamenco-ensemble, stifta av dansaren Hilde Handegard i 2009. Gruppa er rekruttert frå Trondheims profesjonelle jazz- og folkemusikkmiljø, og har mellom anna gjort forestillingar ved Olavsfestdagene, Transform, Avant Garden og Trøndelag Teater. Varemerket er å skape musikalske møtepunkt mellom autentisk flamenco og den nordiske folkemusikken. I Kulturbeitet blir det både barneforestilling og konsert/danseforestilling i Nilsgardstunet på kveldstid. Medverkande: Hilde Handegard , Evelyne Gildemyn og Andrea Machado Miguens (dans/kastanjettar/cajón), Bendik Lund Hanshuus, Martin Högberg og Trond Folstad (gitar), Gunn Mogseth Skrove og Lena Sylvia Hanssen (vokal/palmas).

Stad
Nilsgardstunet
6250
STORDAL
Kommune: