Flotte kystlandskap på galleri EogE

Kystlandskap. Alle rettigheter: Åge Steinset.
Laurdag, 27 september, 2014 klokka 12:00
Måndag, 29 september, 2014 klokka 12:00
Tysdag, 30 september, 2014 klokka 12:00
Onsdag, 1 oktober, 2014 klokka 12:00
Torsdag, 2 oktober, 2014 klokka 12:00
...og vidare enda fleire datoar.
Vis/skjul alle datoar

Åge steinset bur og arbeider som biletkunstnar i Florø. Han er medlem av Norske Bildende Kunstnere.
Han har gjennom fleire tiår vore ein hyppig utstillar i inn og utland. Er innkjøpt av kommunar, fylkeskommunar, kunstmuseum og offentlege institusjonar,m.a. Norsk Kulturråd.

Åge steinset dyrkar to heilt ulike kunstnariske uttrykk. Han er landskapsmålar,men og opptatt av surrealistiske problemstillingar der personar og dyr og relasjonane mellom desse er tema.
Vekslinga mellom dei to uttrykka syter for den variasjonen han er avhengig av for å halde oppe den skapande vitaliteten. Det går i bolkar på nokre månader. Når landskapsperioden har tørka litt ut, finn han stimulans i det indre landskapet. Surrealistiske bilete handlar ikkje først og fremst om å lage raritetar, men om å føre fantasien inn i bileta på ein fri måte, seier Steinset. Ved det får ein større uttrykksfridom og ei meir mangeslungen verd. Ein bryt med dei meir realistiske biletuttrykka ved å fordreie, fortette, symbolisere osv.. Slik skaper ein bilete som kan likne på det vi opplever i nattedraumar, og det var nettopp nattedraum som historisk sett var utgangspunktet for surrealistisk kunst. Surrealistiske bilete er draum og fantasibaserte forteljingar.
 
Utsstillinga i EogE viser landskapsmåleri. Det er kystlandskapet frå Vestlandet pluss nokre bilete frå fjellheimen i Sogn (Vestjotunheimen og Aurlandsdalen)
Landskapsbileta er prega av at han søkjer å uttrykke dei stemningane naturen inviterer til.
Stemningane er ikkje i naturen, men i oss som opplever den, seier han. Det grå skoddefulle havlandskapet, eller det stormfulle, blir opplevd heilt ulikt av folk, mest avdi vi har ulike opplevingar knytt til slike forhold. Kva sinnsstemning ein er i den aktuelle dagen, spelar sjølvsagt og inn.
 
Grått og blått har blitt favorittfargane i landskapsmåleria.Grått er spesielt fascinerande, kanskje avdi det kan tilsløre meir enn det klåre blå. Når landskapet blir meir eller mindre tilslørt, som t.d. ved skodde, tek fantasien til å jobbe umiddelbart. Difor er grått slett ikkje kjedeleg, men inviterer oss til dikt og fantasisprang. Dessutan er grått vakkert og byr på uendeleg med nyansar og variasjon.
 
Steinset bur ved havet og har dessutan ei fiskebu ytterst på kysten (Kalvåg) der han arbeider mykje med kyst og havbileta sine. Han stammar frå dette miljøet der ver, hav, båt og fiske har prega livet gjennom all tid. Å skape kunst frå dette miljøet har derfor blitt svært viktig i kunstnarskapet til Steinset.

Dette er vel miljø som er kjendt for sunnmøringen også. Nokon har kanskje sett dei flotte maleria hans i Gamlebanken på Nordfjordeid der han stiller ut fast.

Velkomen til ei flott utstilling.
Kunstnaren blir å treffe på opninga frå ca kl 12.00 den 27.09.14.

Stad
Galleri EogE
Kommune: 
Kategori: